Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 3:8-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Ja, Jerusalem snåvar, ¬og Juda fell,for i ord og gjerning ¬står dei Herren imotog trassar hans herlege åsyn.

9. Deira andletsuttrykk ¬vitnar imot dei,og liksom folket i Sodomatalar dei utan dulsmål ¬om si synd.Ve dei! ¬Dei fører ulukke over seg.

10. Sei at det går den ¬rettferdige vel,han skal nyta frukta ¬av sine gjerningar.

11. Men ve den gudlause! ¬Han går det ille,han får att for det han har gjort.

12. Mitt folk har born ¬til styresmennog kvinner rår over det.Mitt folk, ¬dine leiarar fører deg vilt,gjer vegen du går på, til ¬villstig.

13. Herren stig fram og vil ¬føra sak,han står opp ¬og vil døma sitt folk.

14. Herren held rettargangmed dei eldste og ¬stormennene i folket.«Det er de som har gnege ¬vingarden snau,rov frå dei fattige har de i husa!

15. Korleis kan de knusa mitt folkog slå dei hjelpelause ¬i andletet?»lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.

Les hele kapitlet Jesaja 3