Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 3:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Sjå, Herren, Allhærs Gud,tek bort frå Jerusalem ¬og Judakvar stav dei stør seg til:kvar støtte av brød ¬og kvar støtte av vatn,

2. både krigar og stridsmann,domar, profet, ¬spåmann og eldste,

3. femtimannsførar ¬og høgvørd mann,rådgjevar, trollmann ¬og kunnig åndemanar.

4. Så gjev eg dei born ¬til styresmenn,villstyringar skal rå over dei.

5. Folk skal vera harde ¬med kvarandre,mann med mann ¬og granne med granne;guten skal setja seg opp ¬mot den gamle,fanten mot fagnamannen.

6. Når ein mann tek fatt ¬i ein annani huset åt far hans og seier:«Du har ei kappe, ¬du skal vera vår hovding,over denne ruinen ¬skal du styra,»

7. så tek den andre til ords ¬og svarar:«Eg vil ikkje fetla sår.I mitt hus finst det korkje brød ¬eller klede.Set ikkje meg til hovding ¬over folket!»

8. Ja, Jerusalem snåvar, ¬og Juda fell,for i ord og gjerning ¬står dei Herren imotog trassar hans herlege åsyn.

Les hele kapitlet Jesaja 3