Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 26:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Den dagen skal dei syngjadenne songen i Juda: Vi har ein sterk by.Murar og festningsvollarer reiste til vern for oss.

2. Lat opp portane,så det kan dra inn,det rettferdige folketsom held fast på sin truskap.

3. Den som er fast i hugen,han lèt du alltid ha fred,for han set si lit til deg.

4. Så lit då alltid på Herren,for Herren er eit evig fjell!

5. Han støyter ned dei ¬som bur i det høge,i ein utilgjengeleg by.Han jamnar byen med jordaog styrtar han i støvet.

6. Armingar og fattigfolkskal trakka han under fot.

7. Jamn er stigen åt dei ¬rettferdige,for dei rettvise banar du veg.

8. Herre, vi ventar på degog fylgjer den veg ¬du har fastsett.Vi lengtar og stundaretter deg og ditt namn.

9. Om natta stundar mi sjel ¬etter deg,ja, ånda i meg søkjer deg.Når dei held seg ¬til dine lover på jorda,lærer dei rettferd, ¬dei som bur i verda.

Les hele kapitlet Jesaja 26