Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 19:10-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Alle vevarane sturer,lønsarbeidarane er ille til mote.

11. Berre dårar ¬er hovdingane i Soan,vismennene åt farao ¬gjev dumme råd.Korleis kan de seia til farao:«Vi er ætta frå vismenn,frå kongar i gamal tid»?

12. Kvar er då vismennene dine?Lat dei fortelja ¬og kunngjera degkva Herren, Allhærs Gud, ¬har sett seg føreå gjera med egyptarane.

13. Dårar er hovdingane i Soan,stormennene i Nof ¬har late seg narra.Ættehovdingane i Egypthar ført folket sitt vilt.

14. I dei har Herren rent utei ånd som gjer ør.Dei har fått egyptarane ¬til å ragakva dei så tek seg føre,som ein drukken ¬ragar om i sitt spy.

15. Ingenting skal lukkast ¬for egyptarane,anten det er hovud eller hale,palmegrein eller sev ¬som gjer det.

16. Den dagen skal egyptarane vera som kvinner. Dei skal skjelva av angst fordi Herren, Allhærs Gud, har lyft si hand og svingar henne over dei.

Les hele kapitlet Jesaja 19