Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 48:37-47 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

37. Kvart hovud er snauklypt,alt skjegg er avraka.Alle har rispa opp hendeneog har syrgjeplagg om hoftene.

38. I Moab lyder det berre klagepå alle tak og plassar.For eg har knust moabittanelik eit kjerald ¬som ingen bryr seg om,lyder ordet frå Herren.

39. Å, kor moabittane er knuste!Kor dei hyler!Skamfulle ¬har dei snutt ryggen til.No vert Moab ¬til spott og skræmslefor alle sine grannefolk.

40. Ja, så seier Herren:Sjå, som ei ørn ¬kjem fienden flygandeog breier vengene ut ¬over Moab.

41. Byane vert tekne, ¬festningane storma.Den dagen skal Moabs krigararvera til mote ¬som ei kvinne i barnsnaud.

42. Moabittane går til grunne ¬som folkfordi dei har hovmoda seg ¬mot Herren.

43. Det vert gru og grav og garnfor dykk som bur i Moab!lyder ordet frå Herren.

44. Den som rømer frå det grufulle,skal falla i grava,og den som kjem opp or grava,skal fangast i garnet.Ja, dette sender eg ¬over moabittanedet året eg krev dei ¬til rekneskap,lyder ordet frå Herren.

45. I skuggen av Hesjbonstår utmødde flyktningar.Men eld går ut frå Hesjbon,ein loge frå Sihons by.Han skal øyda Moabs tinningog skallen på dei som gjer bråk.

46. Ve deg, Moab!Det er ute med folket ¬som dyrkar Kamosj.For sønene dine vert bortførte,og døtrene må fara ¬i fangenskap.

47. Men til sist, i dagar som kjem,skal eg venda lagnaden ¬for Moab,lyder ordet frå Herren. Her endar domsordet ¬om Moab.

Les hele kapitlet Jeremia 48