Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 48:33-44 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

33. Gleda og jubelen er bortefrå hagar og marker i Moab.Eg gjer ende på vinen ¬i pressekummane.Ingen trakkar vindruer ¬til glade rop;alle jubelrop har stilna.

34. Skriket frå Hesjbon ¬når til El’ale,heilt til Jahas høyrest ropet.Dei ropar frå Soar ¬til Horonajimog til Eglat-Sjelisjia.For jamvel Nimrim-vatnet ¬vert til øydemark.

35. Så gjer eg slutt på den skikkenat folk i Moab ¬går opp på hauganeog brenner offer for guden sin,lyder ordet frå Herren.

36. Difor klagar mitt hjartasom fløyter over Moab,ja, det klagar som fløyterover mennene frå Kir-Heres.For alt det dei hadde samla, ¬er tapt.

37. Kvart hovud er snauklypt,alt skjegg er avraka.Alle har rispa opp hendeneog har syrgjeplagg om hoftene.

38. I Moab lyder det berre klagepå alle tak og plassar.For eg har knust moabittanelik eit kjerald ¬som ingen bryr seg om,lyder ordet frå Herren.

39. Å, kor moabittane er knuste!Kor dei hyler!Skamfulle ¬har dei snutt ryggen til.No vert Moab ¬til spott og skræmslefor alle sine grannefolk.

40. Ja, så seier Herren:Sjå, som ei ørn ¬kjem fienden flygandeog breier vengene ut ¬over Moab.

41. Byane vert tekne, ¬festningane storma.Den dagen skal Moabs krigararvera til mote ¬som ei kvinne i barnsnaud.

42. Moabittane går til grunne ¬som folkfordi dei har hovmoda seg ¬mot Herren.

43. Det vert gru og grav og garnfor dykk som bur i Moab!lyder ordet frå Herren.

44. Den som rømer frå det grufulle,skal falla i grava,og den som kjem opp or grava,skal fangast i garnet.Ja, dette sender eg ¬over moabittanedet året eg krev dei ¬til rekneskap,lyder ordet frå Herren.

Les hele kapitlet Jeremia 48