21. Straffedomen er komen over slettelandet, over byane Holon, Jahsa, Mofa’at,
22. Dibon, Nebo, Bet-Diblatajim,
23. Kirjatajim, Bet-Gamul, Bet-Meon,
24. Kerijot, Bosra og alle dei andre byane i Moab, både fjern og nær.
25. Avhogge er Moabs horn,armen hans er broten, ¬seier Herren.
26. Gjer Moab drukken,for han har hovmoda seg ¬mot Herren.Så kan han liggja der og spyog vera til spott, han òg.
27. Eller heldt du ikkje Israel ¬for narr?Kanskje han var gripen ¬mellom tjuvar,sidan du rister på hovudetkvar gong du talar om han?
28. Far bort frå byaneog slå dykk ned i fjellet,de som bur i Moab!Gjer som dua, ¬ho byggjer seg reiri sidene av det gapande gjelet.
29. Vi har høyrt ¬kor kaute moabittane er,sjølvgode er dei,stolte og storlåtneog hovmodige i hug og hått.
30. Eg veit kor frekke dei er, ¬seier Herren,eg kjenner ¬det tome skrytet deira.Uærlege er dei i alt det dei gjer.
31. Difor jamrar eg over Moab,skrik for heile Moab skuldog sukkar over mennene ¬frå Kir-Heres.
32. Eg græt meir over degenn over Jaser, ¬du vintre i Sibma.Dine ranker tøygde seg ¬ut mot sjøen,dei nådde heilt til Jaser.Over din frukthaust ¬og vinhaustkjem det ein herjar.
33. Gleda og jubelen er bortefrå hagar og marker i Moab.Eg gjer ende på vinen ¬i pressekummane.Ingen trakkar vindruer ¬til glade rop;alle jubelrop har stilna.