16. Moabs undergang er nær,i ei bråhast ¬kjem ulukka over han.
17. Ha medkjensle med han,alle grannefolk ikring,alle de som kjenner ¬hans namn.Sei: «Å, at han er broten,den sterke stav, ¬det herlege septer!»
18. Stig ned frå ditt æresete, ¬set deg i støvet,du Dibons dotter ¬som bur i byen.For han som skal herja Moab,fer opp imot degog øydelegg dine ¬festningsverk.
19. Stå attmed vegen ¬og hald utkikk,du som bur i Aroer!Spør dei som rømde ¬og kom seg unna:«Kva har hendt?»
20. Moab er knust og vanæra.No kan du hyla og skrika.Gjer det kjent ved Arnonat Moab er øydelagt.
21. Straffedomen er komen over slettelandet, over byane Holon, Jahsa, Mofa’at,