Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 44:12-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Eg vil riva bort resten av folket i Juda som sette seg føre å fara til Egypt og slå seg ned der. I Egypt skal dei missa livet, alle saman. Dei skal falla for sverd eller døy av svolt. Både høg og låg skal døy for sverd og av svolt. Dei kjem ut for svartekunst og skræmsle, forbanning og spott.

13. Eg vil straffa dei som bur i Egypt, på same måten som eg straffa Jerusalem, med sverd og svolt og pest.

14. Ikkje ein einaste av dei judearane som var att, og som kom til Egypt for å slå seg ned der, skal berga seg unna og sleppa frå det; dei skal ikkje koma heim att til Juda. Dei skal lengta etter å venda tilbake og busetja seg der, men ingen skal koma heim att, så nær som nokre få flyktningar.

15. Då tok dei til ords mot Jeremia, alle mennene som visste at kvinnene deira brende offer for andre gudar, like eins alle kvinnene som stod der i ein stor flokk, og alt folket som budde i Egypt, i Patros. Dei sa:

16. «Det ordet du har tala til oss i Herrens namn, vil vi ikkje høyra på.

17. Nei, vi vil gjera alt det vi har lova: ofra til Himmeldronninga og renna ut drikkoffer for henne, så som vi og fedrane våre, kongane og stormennene våre gjorde i byane i Juda og på gatene i Jerusalem. Då hadde vi brød nok; vi var lukkelege og opplevde ikkje noko vondt.

18. Men sidan vi heldt opp med å ofra til Himmeldronninga og renna ut drikkoffer for henne, har det skorta på alt; sverd og svolt gjer ende på oss.»

19. Og kvinnene sa: «Når vi ofrar til Himmeldronninga og renner ut drikkoffer for henne, er det vel ikkje utan våre menns vitende og vilje vi lagar offerkaker i hennar eige bilete og renner ut drikkoffer for henne?»

Les hele kapitlet Jeremia 44