Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 40:8-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Hærførarane kom då med mennene sine til Gedalja i Mispa: Ismael, son til Netanja, Johanan og Jonatan, sønene til Kareah, Seraja, son til Tanhumet, sønene til Efai frå Netofa og Jesanja, son til ma’akatitten.

9. Gedalja, son til Ahikam Sjafansson, gjorde eid til dei og mennene deira og sa: «Ver ikkje redde for å tena kaldearane! Ver i landet og ten babylonarkongen, så skal det gå dykk vel.

10. Eg vert buande i Mispa, så eg kan stå til ansvar for kaldearane når dei kjem til oss. Men de skal hausta vindruer, frukt og oliven og samla det i kjerald, og de kan bu i dei byane de har teke.»

11. Alle judearane som var i Moab, Ammon og Edom, og dei som var i alle andre land, fekk òg høyra at babylonarkongen hadde late ein rest vera att i Juda, og at han hadde sett Gedalja, son til Ahikam Sjafansson, til styresmann over dei.

12. Alle desse judearane tok då ut frå dei stadene dei var drivne bort til, og fór heim att til Juda. Dei kom til Gedalja i Mispa, og dei hausta inn vindruer og frukt i store mengder.

13. Johanan, son til Kareah, og alle hærførarane kringom i landet, kom til Gedalja i Mispa

14. og sa til han: «Veit du at ammonittkongen Ba’alis har sendt Ismael, son til Netanja, for å drepa deg?» Men Gedalja, son til Ahikam, trudde dei ikkje.

15. Då sa Johanan, son til Kareah, i løynd til Gedalja i Mispa: «Lat meg gå og drepa Ismael, son til Netanja, utan at nokon får vita det. Kvifor skal han ta livet av deg, så alle judearane som har samla seg om deg, vert spreidde, og det som er att av Juda, går til grunne?»

16. Men Gedalja, son til Ahikam, sa til Johanan, son til Kareah: «Gjer ikkje det, for det er lygn, det du seier om Ismael.»

Les hele kapitlet Jeremia 40