Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 36:4-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Då kalla Jeremia til seg Baruk, son til Neria. Jeremia dikterte, og Baruk skreiv opp i ein bokrull alle dei orda som Herren hadde tala til han.

5. Så sa Jeremia til Baruk: Eg er hindra, eg kan ikkje gå til Herrens hus.

6. Men gå du! Og på ein fastedag skal du lesa Herrens ord for folket i templet, or den boka der du har skrive det eg dikterte. Du skal òg lesa det for alle dei som kjem inn frå byane i Juda.

7. Kanskje dei då vil be audmjukt til Herren og venda om, kvar og ein frå si vonde ferd. For Herren har truga dette folket med å visa stor vreide og harme.

8. Baruk Neriason gjorde alt det som profeten Jeremia hadde bode han. Han gjekk til templet og las Herrens ord or boka.

9. I det femte året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, i den niande månaden, lyste dei ut faste for Herren. Alt folket i Jerusalem og alle som kom inn til Jerusalem frå byane i Juda, skulle fasta.

10. Då las Baruk opp or boka det som Jeremia hadde tala, medan alt folket høyrde på. Det gjorde han i Herrens hus, i romet åt statsskrivaren Gemarja, son til Sjafan, i den øvre føregarden, attmed inngangen til den nye tempelporten.

11. Då Mika, son til Gemarja Sjafansson, høyrde alle Herrens ord som vart opplesne or boka,

12. gjekk han ned i kongsgarden, til romet åt statsskrivaren. Der sat alle stormennene samla: statsskrivaren Elisjama, Delaja, son til Sjemaja, Elnatan, son til Akbor, Gemarja, son til Sjafan, Sidkia, son til Hananja, og alle dei andre stormennene.

13. Mika fortalde dei alt det han hadde høyrt då Baruk las opp or boka for folket.

14. Då sende alle stormennene ein mann med bod til Baruk; det var Jehudi, son til Netanja, som var son til Sjelemja Kusjison. Han skulle seia: «Ta med deg den bokrullen som du las or for folket, og kom hit!» Og Baruk Neriason tok bokrullen med seg og gjekk til dei.

15. Dei sa då til han: «Set deg ned og les for oss!» Og Baruk las for dei.

16. Då dei høyrde alle desse orda, såg dei forfærde på kvarandre og sa: «Vi må seia frå til kongen om dette.»

17. Til Baruk sa dei: «Fortel oss korleis du kom til å skriva opp alt dette. Var det han som dikterte?»

Les hele kapitlet Jeremia 36