Då las Baruk opp or boka det som Jeremia hadde tala, medan alt folket høyrde på. Det gjorde han i Herrens hus, i romet åt statsskrivaren Gemarja, son til Sjafan, i den øvre føregarden, attmed inngangen til den nye tempelporten.