Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 36:11-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Då Mika, son til Gemarja Sjafansson, høyrde alle Herrens ord som vart opplesne or boka,

12. gjekk han ned i kongsgarden, til romet åt statsskrivaren. Der sat alle stormennene samla: statsskrivaren Elisjama, Delaja, son til Sjemaja, Elnatan, son til Akbor, Gemarja, son til Sjafan, Sidkia, son til Hananja, og alle dei andre stormennene.

13. Mika fortalde dei alt det han hadde høyrt då Baruk las opp or boka for folket.

14. Då sende alle stormennene ein mann med bod til Baruk; det var Jehudi, son til Netanja, som var son til Sjelemja Kusjison. Han skulle seia: «Ta med deg den bokrullen som du las or for folket, og kom hit!» Og Baruk Neriason tok bokrullen med seg og gjekk til dei.

15. Dei sa då til han: «Set deg ned og les for oss!» Og Baruk las for dei.

16. Då dei høyrde alle desse orda, såg dei forfærde på kvarandre og sa: «Vi må seia frå til kongen om dette.»

17. Til Baruk sa dei: «Fortel oss korleis du kom til å skriva opp alt dette. Var det han som dikterte?»

18. Baruk svara: «Jeremia dikterte alle desse orda, og eg skreiv dei opp i bokrullen med blekk.»

19. Då sa stormennene til Baruk: «Gå og gøym dykk, du og Jeremia, og lat ingen få vita kvar de er!»

20. Så gøymde dei bokrullen i romet åt statsskrivaren Elisjama og gjekk inn i slottsgarden til kongen. Og dei fortalde han alt saman.

Les hele kapitlet Jeremia 36