Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 34:12-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Då kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så:

13. Så seier Herren, Israels Gud: Eg gjorde pakt med fedrane dykkar den gongen eg førte dei ut or Egypt, or trælehuset. Då sa eg:

14. «Når sju år er lidne, skal kvar og ein av dykk gje fri sin hebraiske landsmann som har mått selja seg til deg. Seks år skal han tena deg, men så skal du gje han fri og la han gå.» Men fedrane dykkar høyrde ikkje på meg og vende ikkje øyra til.

15. De vende nyleg om og gjorde det som rett er i mine augo, då de kunngjorde at kvar og ein skulle frigje den landsmannen han heldt i trældom; de gjorde ein avtale om det for mitt åsyn, i det huset som ber mitt namn.

16. Men så snudde de om og vanæra mitt namn då de tok tilbake trælane og trælkvinnene som de hadde gjeve fri, og tvinga dei til trældom att.

17. Difor seier Herren: Fordi de ikkje ville høyra på meg og lysa ut frigjeving for frende og landsmann, lyser eg ut frigjeving for dykk, seier Herren. De skal gjevast over til sverd og pest og svolt, og eg vil gjera dykk til eit skræmebilete for alle rike på jorda.

18. Dei mennene som braut pakta med meg og ikkje oppfylte vilkåra for den avtalen dei gjorde for mitt åsyn, med dei gjer eg som med den kalven dei skar i to, så dei kunne gå mellom stykka.

19. Hovdingane i Juda og Jerusalem, hoffmennene og prestane og alt folket i landet som gjekk mellom stykka av kalven,

20. gjev eg i hendene på fiendane deira og på folk som står dei etter livet. Lika deira skal verta til føde for fuglane under himmelen og dyra på marka.

21. Juda-kongen Sidkia og hovdingane hans gjev eg i hendene på fiendane deira, folk som står dei etter livet. Eg gjev dei over til babylonarkongens hær, som no er faren bort frå dykk.

22. Sjå, eg gjev mitt påbod, lyder ordet frå Herren, og fører dei attende til denne byen. Dei skal strida imot han, ta han og brenna han opp. Og byane i Juda gjer eg til ei audn, der ingen kan bu.

Les hele kapitlet Jeremia 34