Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 33:9-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Og byen skal få eit namn som vert til glede for meg, til pris og ære mellom alle folkeslag på jorda, når dei høyrer om alt det gode eg gjer for dei. Då skal dei skjelva i undring over all den lukke og fred eg gjev dei.

10. Så seier Herren: De seier at dette er ein øydestad, utan menneske og dyr. Men her, i byane i Juda og på gatene i Jerusalem, som er så aude at ingen held til der, korkje folk eller fe, der skal det endå ein gong lyda

11. fagnadrop og glederop, røyst av brudgom og røyst av brur, rop av folk som ber fram takkoffer i Herrens hus og seier: «Pris Herren, Allhærs Gud, for han er god, evig varer hans miskunn!» For eg vil venda lagnaden for landet, så det vert som i den fyrste tid, seier Herren.

12. Så seier Herren, Allhærs Gud: På denne staden som no ligg aud, utan menneske og dyr, og i alle byane her ikring, skal det atter vera beite, der gjætarar lèt sauene roa seg.

13. I alle byane, både i fjell-landet, Sjefela og Negev, i Benjamins-landet og området rundt Jerusalem og i Juda-byane skal saueflokkar endå ein gong gå fram under handa åt han som tel dei, seier Herren.

14. Sjå, dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då eg oppfyller den gode lovnaden eg gav Israel og Juda.

15. I dei dagar, når den tid kjem, lèt eg ein rettferdig renning veksa fram i Davids-ætta. Han skal gjera rett og rettferd i landet.

16. I dei dagane skal Juda verta frelst og Jerusalem bu trygt. Og dette er namnet byen skal få: «Herren, vår rettferd».

17. For så seier Herren: Det skal aldri vanta ein mann av Davids ætt til å sitja på Israels kongsstol.

18. Mellom levittprestane skal det heller ikkje vanta menn som kan tena meg og til alle tider bera fram brennoffer, brenna grødeoffer og laga til slaktoffer.

19. Herrens ord kom til Jeremia, og det lydde så:

Les hele kapitlet Jeremia 33