Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 33:5-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. då folket kom i strid med kaldearane og byen vart fylt med lik av menneske: Eg har slege dei ned i min vreide og harme og vendt meg bort frå denne byen, fordi dei har gjort så mykje vondt.

6. Sjå, eg vil la såra gro, lækja og heila dei, og så vil eg syna dei ein rikdom av varig fred og lukke.

7. Eg vil venda lagnaden for Juda og Israel og byggja dei som i den fyrste tid.

8. Eg vil reinsa dei for all skuld dei førte over seg då dei synda mot meg, og tilgje dei alle misgjerningane dei gjorde mot meg då dei svikta meg.

9. Og byen skal få eit namn som vert til glede for meg, til pris og ære mellom alle folkeslag på jorda, når dei høyrer om alt det gode eg gjer for dei. Då skal dei skjelva i undring over all den lukke og fred eg gjev dei.

10. Så seier Herren: De seier at dette er ein øydestad, utan menneske og dyr. Men her, i byane i Juda og på gatene i Jerusalem, som er så aude at ingen held til der, korkje folk eller fe, der skal det endå ein gong lyda

11. fagnadrop og glederop, røyst av brudgom og røyst av brur, rop av folk som ber fram takkoffer i Herrens hus og seier: «Pris Herren, Allhærs Gud, for han er god, evig varer hans miskunn!» For eg vil venda lagnaden for landet, så det vert som i den fyrste tid, seier Herren.

12. Så seier Herren, Allhærs Gud: På denne staden som no ligg aud, utan menneske og dyr, og i alle byane her ikring, skal det atter vera beite, der gjætarar lèt sauene roa seg.

13. I alle byane, både i fjell-landet, Sjefela og Negev, i Benjamins-landet og området rundt Jerusalem og i Juda-byane skal saueflokkar endå ein gong gå fram under handa åt han som tel dei, seier Herren.

14. Sjå, dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då eg oppfyller den gode lovnaden eg gav Israel og Juda.

Les hele kapitlet Jeremia 33