Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 32:4-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Og Sidkia, kongen i Juda, skal ikkje sleppa unna kaldearane, men gjevast i hendene på babylonarkongen. Han skal tala med han andlet til andlet og auga til auga.

5. Kongen skal føra Sidkia til Babylon, og der skal han vera til eg tek meg av han, seier Herren. Når de strider mot kaldearane, skal de ikkje ha lukka med dykk.

6. Jeremia sa: Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

7. Hanamel, son til Sjallum, farbror din, kjem til deg og seier: «Kjøp det jordstykket eg har i Anatot! For du har løysingsretten og kan kjøpa det.»

8. Og som Herren hadde sagt, kom Hanamel, son til farbror min, til meg i vaktgarden og sa: «Kjøp det jordstykket eg har i Anatot i Benjamins-landet! For du har odelsretten og løysingsretten. Du må kjøpa det.»Då skjøna eg at det var eit ord frå Herren.

9. Difor kjøpte eg jordstykket av Hanamel, son til farbror min, i Anatot og gav han pengane; det var sytten sekel sølv.

10. Eg skreiv det i eit brev, forsegla det og fekk vitne til å stadfesta det, og så vog eg opp sølvet i skålvekt, alt i samsvar med lov og vedtekt.

11. Sidan tok eg kjøpebrevet, både den delen som var forsegla, og den som var open,

12. og gav det til Baruk, son til Neria Maksejason, for augo på Hanamel, syskenbarnet mitt, og vitna som hadde skrive under på kjøpebrevet, og alle dei judearane som heldt til i vaktgarden.

13. Medan dei var til stades, sa eg til Baruk:

14. Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Ta desse breva, både den delen av kjøpebrevet som er forsegla, og den som er open, og legg dei i ei leirkrukke, så dei kan halda seg lenge.

15. For så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Endå ein gong skal dei kjøpa hus og jorder og vingardar her i landet.

16. Då eg hadde gjeve kjøpebrevet til Baruk Neriason, bad eg til Gud og sa:

17. Å, Herre, min Gud, du har skapt himmel og jord med di store kraft og din strake arm. Ingen ting er umogeleg for deg.

18. Du viser miskunn i tusen ættleder og lèt straffa for synda åt fedrane koma over etterkomarane deira. Du store, veldige Gud, som har namnet Herren, Allhærs Gud,

19. stor er du i råd og mektig i gjerning. Du har augo opne for vegane åt menneska, så du løner kvar og ein etter hans ferd, etter frukta av hans gjerningar.

20. Du gjorde teikn og under i Egypt og har gjort det til denne dag, både i Israel og hjå andre menneske. Du har skapt deg eit namn så som det er i dag.

21. Du førte Israel, folket ditt, ut or Egypt med teikn og under, med sterk hand og strak arm, med store, skræmelege gjerningar

22. og gav dei dette landet som du med eid hadde lova fedrane deira, eit land som fløymer med mjølk og honning.

23. Og dei kom og tok det i eige. Men dei ville ikkje høyra på deg og levde ikkje etter di lov. Dei gjorde ikkje noko av alt det du hadde bode dei å gjera. Difor lét du all denne ulukka koma over dei.

Les hele kapitlet Jeremia 32