Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 32:18-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Du viser miskunn i tusen ættleder og lèt straffa for synda åt fedrane koma over etterkomarane deira. Du store, veldige Gud, som har namnet Herren, Allhærs Gud,

19. stor er du i råd og mektig i gjerning. Du har augo opne for vegane åt menneska, så du løner kvar og ein etter hans ferd, etter frukta av hans gjerningar.

20. Du gjorde teikn og under i Egypt og har gjort det til denne dag, både i Israel og hjå andre menneske. Du har skapt deg eit namn så som det er i dag.

21. Du førte Israel, folket ditt, ut or Egypt med teikn og under, med sterk hand og strak arm, med store, skræmelege gjerningar

22. og gav dei dette landet som du med eid hadde lova fedrane deira, eit land som fløymer med mjølk og honning.

23. Og dei kom og tok det i eige. Men dei ville ikkje høyra på deg og levde ikkje etter di lov. Dei gjorde ikkje noko av alt det du hadde bode dei å gjera. Difor lét du all denne ulukka koma over dei.

24. Fiendane har bygt vollar heilt inn til byen, så dei kan ta han. Ved sverd og svolt og pest er byen gjeven i hendene på kaldearane, som strider imot han. No er det kome, det du har varsla før. Du ser det sjølv.

25. Men endå byen er i hendene på kaldearane, seier du til meg, Herre min Gud: «Kjøp deg dette jordstykket for pengar, og lat vitne stadfesta kjøpet!»

26. Då kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så:

27. Eg er Herren, all skapnings Gud. Skulle noko vera umogeleg for meg?

28. Difor, seier Herren, gjev eg denne byen i hendene på kaldearane, i hendene på babylonarkongen Nebukadnesar, og han skal ta han.

Les hele kapitlet Jeremia 32