Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 31:4-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Endå ein gong ¬skal eg byggja deg,ja, du skal byggjast,Israel, du unge møy.Endå ein gong ¬skal du pryda deg ¬med handtrommerog gå ut i dansen med ¬dei glade.

5. Endå ein gong ¬skal du planta vinhagarpå Samaria-fjella;og dei som plantar, ¬skal sjølve nyta frukta.

6. Ja, det kjem ein dagdå vaktmenn ropar ¬på Efraims-fjellet:Kom, lat oss fara opp til Sion,til Herren vår Gud!

7. Så seier Herren:Gled deg storleg over Jakob,og rop av fagnad over han ¬som er hovding ¬mellom folka!Lat lovsongen ljoma og sei:«Herren har frelst sitt folk,dei som er att av Israel.»

8. Eg fører dei heim att ¬frå landet i nord,eg samlar dei ¬frå utkantane av jorda.Blant dei er både blinde ¬og halte,ja, svangre ¬og fødande kvinner med;dei kjem attende ¬i store flokkar.

9. Gråtande kjem dei, ¬med audmjuk bøn;eg leier og fører deitil rennande bekker,på jamn veg, ¬der dei ikkje snåvar.Eg er som ein far for Israel,Efraim er min fyrstefødde son.

10. Høyr Herrens ord, ¬de folkeslag!Forkynn det på fjerne strender ¬og sei:Han som spreidde Israel,samlar og gjæter detsom ein hyrding ¬gjæter sin flokk.

11. For Herren har fria ut Jakobog løyst han ¬or overmanns hand.

12. Dei kjem med jubelrop ¬til Sion-fjellet,dei strålar av glede ¬over Herrens gode gåver:korn og vin og olje,sauer og geiter og oksar.Sjølve skal dei vera ¬som ein vassrik hageog ikkje lenger lida naud.

13. Då skal jentene dansa av gledeog gamle menn gleda seg ¬med dei unge.Eg vender deira sorg til fryd,og trøystar og gleder ¬dei som syrgde.

14. Eg lèt prestane få rikeleg ¬med feite retterog mettar mitt folk ¬med gode gåver,lyder ordet frå Herren.

15. Så seier Herren:Høyr, det lyder klagerop ¬i Rama,det er einkvan ¬som græt så sårt.Rakel græt over borna sineog vil ikkje la seg trøysta,for dei er borte.

16. Så seier Herren:Hald opp med å gråta,turka tårene frå augo dine!Du skal få løn for ditt strev, ¬seier Herren,dei skal koma heim att ¬frå fiendeland.

17. Det er von for di framtid, ¬seier Herren,borna skal venda heim ¬til sitt land.

18. Klårt har eg høyrt ¬korleis Efraim klagar:Du har tukta meg, ¬ja, eg vart tukta,lik ein kalv som ikkje er tamd.Vend du meg om, ¬så eg vender om!For du, Herre, er min Gud.

19. Etter at eg har vendt meg bort, ¬angrar eg,og sidan eg har fått betre skjøn,slår eg meg for brystet.Skjemd og skamfull må eg bøtafor min ungdoms ¬skamlause ferd.

Les hele kapitlet Jeremia 31