Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 31:21-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Reis vardar som viser veg,set opp merkesteinar for deg!Legg nøye merke til ¬den vegen du gjekk!Kom heim att, Israel, ¬du unge møy,kom heim att til byane dine!

22. Kor lenge vil du snu deg ¬hit og dit,du fråfalne dotter?No vil Herren skapa noko nytt ¬i landet;då kan ei kvinne ¬verja ein mann.

23. Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Endå ein gong skal dei seia i Juda og i byane der, når eg vender lagnaden deira: «Herren signe deg, du rettferds bustad, du heilage fjell.»

24. Folket i Juda og i alle byane skal bu saman der, både bønder og gjætarar som flakkar ikring.

25. Eg lèt den som er utmødd, drikka seg utyrst og mettar alle som lid naud.

26. Då vakna eg og såg meg om. Svevnen hadde gjort meg godt.

27. Sjå dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då eg både i Israel og Juda sår ut eit sæde av menneske og dyr.

28. Og liksom eg vakte over dei for å rykkja opp og riva ned, å bryta ned, øydeleggja og skada, så vil eg no vaka over dei for å byggja og planta, lyder ordet frå Herren.

29. På den tid skal dei ikkje lenger seia:Fedrane åt sure druer,og borna fekk ringe tenner.

30. Men kvar skal døy ¬for si eiga synd.Den som et sure druer,skal sjølv få ringe tenner.

31. Sjå, dagar skal koma, ¬seier Herren,då eg gjer ei ny paktmed Israels ætt og Judas ætt,

Les hele kapitlet Jeremia 31