Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 29:5-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Bygg dykk hus og bu i dei, planta hagar og et frukta or dei!

6. Ta dykk koner og få søner og døtrer! Finn koner til sønene dykkar og gift bort døtrene dykkar, så dei kan få søner og døtrer. De skal auka i tal der og ikkje minka.

7. Og sjå til at det må gå den byen vel som eg har ført dykk bort til, og bed til Herren for han! For når det går han vel, går det dykk vel òg.

8. Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Lat dykk ikkje narra av profetane og spåmennene som er hjå dykk, og bry dykk ikkje om det de drøymer!

9. For det er lygn det dei spår dykk i mitt namn. Eg har ikkje sendt dei, lyder ordet frå Herren.

10. Så seier Herren: Når sytti år er lidne for Babylonia, skal eg sjå til dykk. Då vil eg gjera det eg har lova, og føra dykk heim att til denne staden.

11. For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.

12. Når de kallar på meg og kjem til meg med bønene dykkar, vil eg høyra på dykk.

13. Når de søkjer meg, skal de finna meg. Ja, søkjer de meg av eit heilt hjarta,

14. lèt eg dykk finna meg, seier Herren. Så vil eg venda lagnaden dykkar og samla dykk frå alle dei folk og stader som eg har drive dykk bort til, lyder ordet frå Herren. Og eg vil la dykk koma heim att til den staden eg førte dykk bort ifrå.

15. De seier: «Herren har reist opp profetar mellom oss i Babylonia.»

16. Så seier Herren om kongen som sit på Davids kongsstol, og om alt folket som bur i denne byen, frendane dykkar, som ikkje laut fara bort frå landet saman med dykk,

17. ja, så seier Herren, Allhærs Gud: Sjå, eg sender imot dei sverd og svolt og pest og gjer dei lik sprokne fikenar, som er så ringe at dei ikkje kan etast.

18. Eg forfylgjer dei med sverd og svolt og pest og gjer dei til eit skræmebilete for alle rike på jorda, til forbanning og skræmsle, spott og vanære mellom alle dei folk eg har drive dei bort til,

19. fordi dei ikkje lydde mine ord, seier Herren. Endå eg sende tenarane mine, profetane, til dei både seint og tidleg, ville dei ikkje høyra, lyder ordet frå Herren.

Les hele kapitlet Jeremia 29