Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 29:21-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, om Akab Kolajason og om Sidkia Ma’asejason, som spår lygn for dykk i mitt namn: Eg gjev dei i hendene på Nebukadnesar, babylonarkongen, og han skal drepa dei for augo på dykk.

22. Og etter dei skal dei laga ei forbanning, alle dei bortførte frå Juda som er i Babylonia, og seia: «Gjev Herren må gjera med deg som med Sidkia og Akab, som babylonarkongen steikte på bålet!»

23. For dei gjorde eit skjemdarverk i Israel då dei dreiv hor med konene åt landsmennene sine og tala falske ord i mitt namn; det hadde eg ikkje sett dei til. Eg veit det og kan vitna om det, lyder ordet frå Herren.

24. Til Sjemaja frå Neklam skal du seia:

25. Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: I ditt eige namn har du sendt brev til alt folket i Jerusalem, til presten Sefanja Ma’asejason og til alle dei andre prestane:

26. Herren har sett deg til prest etter Jojada, så du kan vera tilsynsmann i Herrens hus og sjå etter alle dei som er frå vitet og driv og spår; du skal setja dei i blokk og halsjern.

27. Kvifor talar du då ikkje Jeremia frå Anatot til rettes, han som driv og profeterer for dykk?

28. For han har sendt brev til oss i Babylonia og sagt: «Det kjem til å vara lenge. Bygg dykk hus og bu i dei, planta hagar og et frukta or dei!»

29. Dette brevet las presten Sefanja opp for profeten Jeremia.

30. Då kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så:

31. Send bod til alle dei bortførte og sei: Så seier Herren om Sjemaja frå Neklam: Sjemaja har drive og profetert for dykk, endå eg ikkje har sendt han, og han har fått dykk til å lita på lygn.

32. Difor seier Herren: Sjå, eg vil straffa Sjemaja frå Neklam og etterkomarane hans. Ingen av ætta hans skal få bu mellom israelittane og sjå kor mykje godt eg gjer mot folket mitt. For han har forkynt fråfall frå Herren, lyder ordet frå Herren.

Les hele kapitlet Jeremia 29