Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 26:9-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Kvifor har du spått i Herrens namn og sagt: Det skal gå med dette huset som med Sjilo, og denne byen skal verta aud og folketom?» Og alt folket samla seg ikring Jeremia i Herrens hus.

10. Då hovdingane i Juda fekk høyra om dette, gjekk dei frå kongsgarden opp til Herrens hus og sette seg attmed inngangen til den nye tempelporten.

11. Prestane og profetane sa då til hovdingane og til alt folket: «Denne mannen er skuldig til døden; for han har spått mot byen vår, som de sjølve har høyrt.»

12. Då sa Jeremia til alle hovdingane og til alt folket: «Herren har sendt meg til å spå mot dette huset og denne byen alt det som de har høyrt.

13. No må de la dykkar åtferd og gjerningar betrast og lyda Herren dykkar Gud. Så vil Herren endra sin plan og spara dykk for den ulukka han har truga dykk med.

14. Men eg, sjå eg er i dykkar hand. Gjer med meg som de tykkjer rett og godt.

15. Men det skal de vita at om de drep meg, fører både de og byen og dei som bur der, skuld over dykk for ein skuldlaus manns død. For Herren har i sanning sendt meg til dykk så eg skulle tala alt dette medan de høyrer på.»

Les hele kapitlet Jeremia 26