Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 26:2-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Så seier Herren: Stig fram i føregarden til Herrens hus og tal til folket frå alle Juda-byane, som kjem dit og tilbed! Ber fram alt det eg byd deg å tala til dei, og hald ikkje att eit einaste ord!

3. Kanskje vil dei då høyra og venda om, kvar og ein frå si vonde ferd. Og så skal eg endra min plan og spara dei for den ulukka eg har tenkt å senda over dei fordi dei har bore seg så ille åt.

4. Du skal seia til dei: Så seier Herren: Dersom de ikkje vil lyda meg og fylgja den lova eg har lagt fram for dykk,

5. så de høyrer på tenarane mine, profetane, som eg sender dykk seint og tidleg, endå de ikkje vil høyra,

6. då gjer eg med dette templet som med Sjilo, og denne byen gjer eg til ei forbanning for alle folkeslag på jorda.

7. Prestane og profetane og alt folket høyrde på Jeremia då han heldt denne talen i Herrens hus.

8. Og då han hadde bore fram alt det Herren hadde bode han å tala til heile folket, då greip dei han, prestane og profetane og alt folket, og sa: «Du skal døy!

9. Kvifor har du spått i Herrens namn og sagt: Det skal gå med dette huset som med Sjilo, og denne byen skal verta aud og folketom?» Og alt folket samla seg ikring Jeremia i Herrens hus.

10. Då hovdingane i Juda fekk høyra om dette, gjekk dei frå kongsgarden opp til Herrens hus og sette seg attmed inngangen til den nye tempelporten.

11. Prestane og profetane sa då til hovdingane og til alt folket: «Denne mannen er skuldig til døden; for han har spått mot byen vår, som de sjølve har høyrt.»

12. Då sa Jeremia til alle hovdingane og til alt folket: «Herren har sendt meg til å spå mot dette huset og denne byen alt det som de har høyrt.

13. No må de la dykkar åtferd og gjerningar betrast og lyda Herren dykkar Gud. Så vil Herren endra sin plan og spara dykk for den ulukka han har truga dykk med.

14. Men eg, sjå eg er i dykkar hand. Gjer med meg som de tykkjer rett og godt.

Les hele kapitlet Jeremia 26