Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 26:16-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Då sa hovdingane og alt folket til prestane og profetane: «Denne mannen er ikkje skuldig til døden, for han har tala til oss i Herren vår Guds namn.»

17. Og nokre av dei eldste i landet stod opp og sa til alt folket som var samla:

18. «Mika frå Moresjet, som var profet på den tid Hiskia var konge i Juda, sa til heile Juda-folket: Så seier Herren, Allhærs Gud:Sion skal pløyast som ein åker,Jerusalem skal verta ¬ei steinrøysog tempelberget ¬ein skogkledd ås.

19. Men tok Juda-kongen Hiskia og heile Juda-folket og drap han for det? Nei, kongen hadde age for Herren og bad han om nåde. Då endra Herren sin plan og sparte dei for den ulukka han hadde truga dei med. Skal då vi føra så stor ei ulukke over oss sjølve?»

20. Det var ein annan mann òg som tala profetord i Herrens namn, Uria Sjemajason frå Kirjat-Jearim. Han spådde mot denne byen og dette landet på same måten som Jeremia.

21. Då kong Jojakim og alle krigarane og hovdingane hans høyrde det han sa, ville kongen drepa han. Men Uria fekk nyss om det og vart redd. Han rømde og kom til Egypt.

22. Då sende Jojakim nokre menn til Egypt, Elnatan Akborsson og nokre andre saman med han.

23. Dei tok Uria med seg frå Egypt og førte han til kong Jojakim, som lét han hogga ned med sverd. Og liket hans vart kasta mellom gravene til småkårsfolk.

24. Men Ahikam Sjafansson heldt si hand over Jeremia, så han ikkje kom i hendene på folket og vart drepen.

Les hele kapitlet Jeremia 26