Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 26:14-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Men eg, sjå eg er i dykkar hand. Gjer med meg som de tykkjer rett og godt.

15. Men det skal de vita at om de drep meg, fører både de og byen og dei som bur der, skuld over dykk for ein skuldlaus manns død. For Herren har i sanning sendt meg til dykk så eg skulle tala alt dette medan de høyrer på.»

16. Då sa hovdingane og alt folket til prestane og profetane: «Denne mannen er ikkje skuldig til døden, for han har tala til oss i Herren vår Guds namn.»

17. Og nokre av dei eldste i landet stod opp og sa til alt folket som var samla:

18. «Mika frå Moresjet, som var profet på den tid Hiskia var konge i Juda, sa til heile Juda-folket: Så seier Herren, Allhærs Gud:Sion skal pløyast som ein åker,Jerusalem skal verta ¬ei steinrøysog tempelberget ¬ein skogkledd ås.

19. Men tok Juda-kongen Hiskia og heile Juda-folket og drap han for det? Nei, kongen hadde age for Herren og bad han om nåde. Då endra Herren sin plan og sparte dei for den ulukka han hadde truga dei med. Skal då vi føra så stor ei ulukke over oss sjølve?»

20. Det var ein annan mann òg som tala profetord i Herrens namn, Uria Sjemajason frå Kirjat-Jearim. Han spådde mot denne byen og dette landet på same måten som Jeremia.

21. Då kong Jojakim og alle krigarane og hovdingane hans høyrde det han sa, ville kongen drepa han. Men Uria fekk nyss om det og vart redd. Han rømde og kom til Egypt.

Les hele kapitlet Jeremia 26