Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 23:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ve dei hyrdingane som øydelegg og spreier den flokken eg har på beite, lyder ordet frå Herren.

2. Difor seier Herren, Israels Gud, om hyrdingane som gjæter folket mitt: De har spreitt sauene mine og jaga dei bort og har ikkje teke dykk av dei. No skal eg ta meg av dykk og straffa dykk for det vonde de har gjort, lyder ordet frå Herren.

3. Så vil eg samla det som er att av sauene mine frå alle dei land eg har drive dei bort til. Eg vil føra dei tilbake til deira eigne beitemarker, og der skal dei auka og verta mange.

4. Då vil eg setja nye hyrdingar til å gjæta dei, så dei ikkje lenger skal skjelva av redsle, og ingen av dei skal saknast, lyder ordet frå Herren.

5. Sjå, dagar skal koma, ¬lyder ordet frå Herren,då eg lèt ein rettferdig renningveksa fram i Davids-ætta.Han skal vera konge ¬og styra med visdomog gjera rett og rettferd i landet.

6. I hans dagar ¬skal Juda verta frelstog Israel bu trygt.Og dette er namnet han skal få:Herren, vår rettferd.

7. Difor skal dagar koma, lyder ordet frå Herren, då dei ikkje lenger skal seia: «Så sant Herren lever, han som førte israelittane opp frå Egypt»,

8. men: «Så sant Herren lever, han som førte etterkomarane av Israels ætt heim att frå landet i nord», og frå alle dei andre landa eg hadde drive dei bort til, så dei kan få bu på si eiga jord.

Les hele kapitlet Jeremia 23