Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 20:11-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Men Herren er med meg ¬lik ei veldig kjempe.Difor skal dei snåva,dei som forfylgjer meg,og ikkje vinna over meg.Dei skal stå der med stor skamfordi dei ikkje ¬hadde lukka med seg– ei vanære som aldri ¬vert gløymd.

12. Herre, Allhærs Gud,du som prøver den rettferdige,som ser både hjarta og nyrer,lat meg få sjå at du tek ¬hemn over dei,for eg har lagt mi sak i di hand.

13. Syng for Herren, ¬lovpris Herren,for han bergar den fattigeog friar han ¬frå ugjerningsmenn.

14. Forbanna vere den dagendå eg vart fødd!Den dagen mor mi fødde meg,skal ikkje vera velsigna!

15. Forbanna vere den mannsom kom til far min ¬med gledebodet:«Du har fått ein gut,»og såleis gledde han storleg.

16. Lat det gå den mannen ¬som det gjekk dei byaneHerren øydela utan medynk!Lat han høyra skrik ¬om morgonenog hærrop midt på dagen,

17. fordi han ikkje drap meg ¬i mors liv,så mor mi vart mi gravog alltid gjekk med barn.

18. Kvifor kom eg ut or mors livnår eg berre skulle oppleva ¬møde og sorgog enda mine dagar i skam?

Les hele kapitlet Jeremia 20