Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 11:9-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Sidan sa Herren til meg: Eg har vorte var ei samansverjing mellom Juda-mennene og Jerusalems-buane.

10. Dei har vendt tilbake til misgjerningane åt dei fyrste fedrane sine. Dei ville ikkje lyda orda mine, men heldt seg til andre gudar og dyrka dei. Israels-ætta og Juda-ætta har brote den pakta eg gjorde med fedrane deira.

11. Difor seier Herren: Sjå, eg fører over dei ei ulukke som dei ikkje kan sleppa frå. Når dei ropar til meg, vil eg ikkje høyra på dei.

12. Då skal folket i Juda-byane og i Jerusalem gå og ropa til gudane dei ofrar til, men dei skal ikkje hjelpa når ulukka kjem.

13. For du har like mange gudar som du har byar, Juda! Og de har reist like mange altar for Skamma som det er gater i Jerusalem, altar der de ofrar til Ba’al.

14. Du skal ikkje be for dette folket og ikkje bera fram klagerop og bøner for dei. For eg vil ikkje høyra når dei ropar til meg i si naud.

15. Kva vil ho som eg elskar, ¬i mitt hus,ho som har lagt ¬svikefulle planar?Kan lovnader ¬og heilagt offerkjøtta bort din vondskap?Då kunne du jubla.

16. Herren har kalla deg ¬eit oliventre,grønt, med fager frukt.Men med bulder og brakset elden det i brann,så greinene brotnar.

17. Herren, Allhærs Gud, ¬som planta deg,trugar deg no med ulukkefor det vonde ¬som Israels og Judas ættgjorde mot seg sjølve, ¬då dei ofra til Ba’alog såleis vekte min harme.

18. Herren gjorde det kjent ¬for meg,eg fekk vita om det;då synte du meg ¬deira gjerningar.

Les hele kapitlet Jeremia 11