Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 11:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren:

2. Høyr orda i denne pakta og tal til Juda-mennene og Jerusalems-buane!

3. Sei til dei: Så seier Herren, Israels Gud: Forbanna vere den som ikkje lyder orda i denne pakta,

4. som eg baud fedrane dykkar å halda den gongen eg førte dei ut or Egypt, or smelteomnen. Då sa eg: Lyd meg, og gjer alt det eg byd dykk! Så skal de vera mitt folk, og eg vil vera dykkar Gud.

5. Og eg vil halda den lovnaden eg gav fedrane dykkar med eid, at eg ville gje dei eit land som fløymer med mjølk og honning, så som det no har hendt. Då svara eg: «Så skal det vera, Herre!»

6. Herren sa til meg: Rop ut alle desse orda over byane i Juda og på gatene i Jerusalem: Høyr orda i denne pakta og lev etter dei!

7. Eg formante fedrane dykkar den gongen eg førte dei ut or Egypt, og sidan har eg til denne dag formant dei seint og tidleg: «Høyr kva eg seier!»

8. Men dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyra til. Alle fylgde dei sitt vonde og harde hjarta. Då påla eg dei alle orda i denne pakta, som eg baud dei å halda, men som dei ikkje har halde.

9. Sidan sa Herren til meg: Eg har vorte var ei samansverjing mellom Juda-mennene og Jerusalems-buane.

10. Dei har vendt tilbake til misgjerningane åt dei fyrste fedrane sine. Dei ville ikkje lyda orda mine, men heldt seg til andre gudar og dyrka dei. Israels-ætta og Juda-ætta har brote den pakta eg gjorde med fedrane deira.

11. Difor seier Herren: Sjå, eg fører over dei ei ulukke som dei ikkje kan sleppa frå. Når dei ropar til meg, vil eg ikkje høyra på dei.

Les hele kapitlet Jeremia 11