Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 14:5-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Eg vil lækja deira fråfall,og eg vil elska dei av hjarta,for vreiden min har vendt seg ¬frå dei.

6. Eg vil vera som dogg for Israel;han skal bløma som ei liljeog røta seg som trea ¬på Libanon.

7. Hans renningar ¬skal breia seg utover,han skal vera fager ¬som oliventreetog anga som skogen ¬på Libanon.

8. Atter skal dei bu ¬i min skugge,endå ein gong ¬skal dei dyrka korn.Dei skal bløma som eit vintre,få ry som vinen frå ¬Libanon.

9. Kva skal Efraim ¬med avgudar meir?Eg vil bønhøyra han ¬og sjå til han.Eg er som ein grøn sypress,frå meg skal frukta di koma.

10. Kven er så klok ¬at han skjønar dette,så vitug ¬at han merkar seg det?Ja, Herrens vegar er rette,dei rettferdige ferdast ¬på dei,men illgjerdsmennene ¬snåvar.

Les hele kapitlet Hosea 14