Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 13:3-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Difor skal dei verta ¬som ei morgonsky,lik dogg som tidleg kverv,lik agner som blæs bort ¬frå treskjevollen,lik røyk som stig opp ¬gjennom ljoren.

4. Eg er Herren din Gud,heilt frå du var i Egypt.Du kjenner ingen annan Gud ¬enn meg,forutan meg ¬finst det ingen frelsar.

5. Eg tok meg av deg ¬i øydemarka,i det heite og turre landet.

6. Beitet var godt, ¬og dei åt seg mette.Då dei var mette, ¬vart dei store og stolte,difor gløymde dei meg.

7. Eg vil vera mot dei som ei løve,lik leoparden ¬som lurer ved vegen.

8. Eg vil koma over dei ¬som ei binnesom dei har teke ungane frå,og riva sund deira bryst.Eg vil eta dei opp som ei løve,villdyra i marka ¬skal slita dei sund.

9. Når ulukka kjem, Israel,kven skal hjelpa deg då?

Les hele kapitlet Hosea 13