Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Høgsongen 8:7-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Vassflaumar ¬kan ikkje sløkkja kjærleiken,elvar kan ikkje fløyma han bort.Om einkvan ville gjealt han åtte for kjærleik,så vart han berre til narr.

8. «Vi har ei lita syster,som enno ikkje har bryst.Kva skal vi gjera ¬med syster vårnår friarane kjem?

9. Er ho ein mur, vil vi byggjatindar av sølv på han.Er ho ei dør, ¬vil vi stengja hennemed ein sederplanke.»

10. Eg er ein mur,og mine bryst er som tårn.I augo hans har eg vortelik ei som finn fred.

11. Salomo hadde ein vingard ¬i Ba’al-Hamon.Den gav han til vaktmenn,og kvar skulle gje hantusen sekel sølv for frukta.

12. Eg har min eigen vingard.Dei tusen sekel er dine, Salomo,to hundre er til dei ¬som vaktar frukta.

Les hele kapitlet Høgsongen 8