Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Høgsongen 8:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Å, gjev du var min bror,gjev du hadde soge brystet ¬åt mor mi!Då skulle eg kyssa degnår vi møttest der ute,og ingen vanvørde meg for det.

2. Så leidde eg deg ¬til huset åt mor mi,inn i koven åt ho ¬som fødde meg.Eg skjenkte deg kryddevinog saft av granatepla mine.

3. Hans venstre hand ¬er under mitt hovud,med den høgre ¬femner han meg.

4. Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer:Kvi vekkjer de kjærleiken,kvi eggjar de han ¬før sjølv han vil?

5. Kven er ho som kjem opp ¬frå øydemarka,stødd til sin ven?Under apalen vekte eg deg,der mor di hadde føderier,der ho fødde deg.

6. Set meg til eit segl ¬på ditt hjarta,eit segl på din arm!For kjærleiken ¬er sterk som dødenog mektig som dødsriket ¬i si trå.Han brenn som logande eld,han logar mot himmelen.

Les hele kapitlet Høgsongen 8