Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Høgsongen 3:3-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Eg møtte vaktmennene ¬som sveiv ikring i byen:«Har de sett han ¬som leikar i min hug?»

4. Eg hadde ikkje før gått frå dei,så fann eg han ¬som leikar i min hug.Eg tok tak i han ¬og sleppte han ikkjefør eg fekk han inn ¬i huset åt mor mi,i koven åt ho som fødde meg.

5. Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer,ved gasellane ¬og hindane i marka:Vekk ikkje kjærleiken!Eggja han ikkje ¬før sjølv han vil!

6. Kva er det som stig opp ¬frå øydemarkasom ei røyksøyle,omfløymd av angande myrra ¬og røykjelseog kræmarkrydder ¬av alle slag?

7. Sjå, det er Salomos berestolmed seksti kjemper ikringav Israels djervaste menn.

8. Alle er væpna med sverdog vel røynde i strid.Kvar mann ber sverd ved lendtil vern mot skræmsler i natta.

9. Kong Salomo laga ein berestolav tre frå Libanon.

Les hele kapitlet Høgsongen 3