Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Høgsongen 1:8-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. «Veit du det ikkje,du fagraste av kvinner,så fylg berre faret etter flokken,og lat dine kje få beitainnmed hyrdingbuene!»

9. «Med folane for faraos vognervil eg likna deg, min hugnad.

10. Vene er dine kinn, ¬prydde med band,og din hals med perler.

11. Lekkjer av gull skal vi laga degog med sølvperler på.»

12. Ljuvleg angar ¬min nardussalveså lenge kongen er med i laget.

13. Min ven er lik myrrabuntensom kviler ved min barm.

14. Min ven ¬er som ein blømande kvistpå hennabusken ¬i En-Gedis hagar.

15. «Kor fager du er, min ven,ja, fager med augo som duer!»

16. «Kor fager du er, min ven,kor yndefull du er!Og vårt lægje ¬er grornæmt og grønt.

17. Sedrar er bjelkar i vårt hus,sypressar er tak og himling.»

Les hele kapitlet Høgsongen 1