Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Høgsongen 1:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Salomos høgsong.

2. Gjev han ville kyssa megmed kyss av sin munn!Din kjærleik er betre enn vin.

3. Ljuvleg er dåmen ¬av dine salvar;ein angande salve ¬er ditt namn,difor held møyane av deg.

4. Ta meg med! ¬Kom, lat oss springa!Kongen har ført meg ¬inn i sin kove.Vi vil fegnast ¬og gleda oss over degog prisa din kjærleik ¬meir enn vin.Hugheilt elskar dei deg.

5. Svart er eg, men ven,de Jerusalems møyar,som Kedars tjeldbuer,som Salomos tjelddukar.

6. Sjå ikkje på at eg er så svart,at sola har brent meg.Sønene åt mor mi ¬harmast på meg,dei sette meg ¬til å vakta vingardane.Min eigen vingard ¬har eg ikkje vakta.

Les hele kapitlet Høgsongen 1