Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 9:9-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Nyt livet med den kvinna ¬du elskar,alle dagar i ditt fåfengde livsom Gud har gjeve deg ¬under sola.For det er din lut i livetmidt i alt det strev og slitsom du har under sola.

10. Alt det du kan gjera ¬med di hand,skal du gjera etter beste evne.For i dødsriket, ¬som du går til,er det korkje arbeid ¬eller plan,korkje kunnskap eller visdom.

11. Elles såg eg under sola:Det er ikkje dei lettføtte ¬som vinn laupet,og ikkje dei djerve ¬som sigrar i krig;dei vise får heller ikkje brød,dei vituge vert ikkje rike,og dei som kan noko, ¬finn ikkje velvilje.Tid og lagnad ¬møter dei alle.

12. For mennesket ¬kjenner ikkje si tid.Liksom fisk som er fanga ¬i det vonde garnet,eller fugl som har gått i snara,såleis vert menneska fanga ¬i ei vond tid,når ulukka ¬brått kjem over dei.

13. Eg har òg sett ¬korleis det gårmed visdomen her under sola,endå eg tykte han var så stor:

14. Det var ein liten by,og der budde nokre få menn.Så kom det ein mektig konge ¬mot han.Han kringsette byenog bygde store vollar mot han.

15. Det fanst der i byenein mann som var fattig, ¬men vis.Han kunne berga byen ¬med sin visdom,men ikkje eit menneske tenktepå denne fattige mannen.

16. Då sa eg:Visdom er betre enn styrke;men folk vanvørder ¬fattigmanns visdom,og ingen høyrer ¬på det han seier.

17. Ord av vismenn ¬som høyrest i ro,er betre enn hovdings rop ¬mellom dårar.

18. Visdom er betre ¬enn krigsvåpen,men ein syndar ¬kan øydeleggja mykje godt.

Les hele kapitlet Forkynnaren 9