Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 9:5-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Dei levande veit ¬at dei skal døy,men dei døde ¬veit ingen ting.Dei får ikkje lenger løn,for minnet om dei er gløymt.

6. Deira kjærleik og hat ¬og misunninger ende for lenge sidan.Aldri i æve skal dei få deli alt det ¬som hender under sola.

7. Så gå og et ditt brød ¬med glede,og drikk din vin ¬med godt mot!Gud har då for lenge sidansamtykt i det du gjer.

8. Lat kleda dine ¬støtt vera kvite,og lat det aldri ¬vanta olje på hovudet!

9. Nyt livet med den kvinna ¬du elskar,alle dagar i ditt fåfengde livsom Gud har gjeve deg ¬under sola.For det er din lut i livetmidt i alt det strev og slitsom du har under sola.

10. Alt det du kan gjera ¬med di hand,skal du gjera etter beste evne.For i dødsriket, ¬som du går til,er det korkje arbeid ¬eller plan,korkje kunnskap eller visdom.

11. Elles såg eg under sola:Det er ikkje dei lettføtte ¬som vinn laupet,og ikkje dei djerve ¬som sigrar i krig;dei vise får heller ikkje brød,dei vituge vert ikkje rike,og dei som kan noko, ¬finn ikkje velvilje.Tid og lagnad ¬møter dei alle.

12. For mennesket ¬kjenner ikkje si tid.Liksom fisk som er fanga ¬i det vonde garnet,eller fugl som har gått i snara,såleis vert menneska fanga ¬i ei vond tid,når ulukka ¬brått kjem over dei.

13. Eg har òg sett ¬korleis det gårmed visdomen her under sola,endå eg tykte han var så stor:

Les hele kapitlet Forkynnaren 9