Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 8:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Kven er som vismannen,kven veit å tyda ei sak?Visdomen får mannens andlet ¬til å lysa,så det strenge draget mildnast.

2. Gjer som kongen byd,for Gud har gjeve han sin eid.

3. Ver ikkje snar ¬til å gå bort frå han,og ver ikkje med ¬på ei ring sak!For kongen gjer alt ¬det han vil;

4. det står makt bak hans ord.Kven torer seia til han: ¬«Kva gjer du?»

5. Den som held bodet,vil ikkje vita av noko vondt.Den vise kjenner i sitt hjartabåde tida og domen.

6. For alle ting har si tid ¬og sin dom.Det vonde menneska har gjort,kviler tungt på dei.

7. Ingen veit kva som skal henda.Kven kan seia ¬korleis det vil gå?

8. Ingen har makt over vinden,så han kan halda han att.Og ingen rår for sin dødsdag.I krig slepp ingen fri,og vondskap ¬bergar ikkje den gudlause.

Les hele kapitlet Forkynnaren 8