Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 4:7-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Og endå meir fåfengdvart eg var under sola.

8. Ein mann ¬står stundom heilt åleine,utan son eller bror,og likevel er det ingen endepå alt hans strev;han ser seg ikkje mett ¬på rikdom.«Kven er det eg strevar forså eg nektar meg sjølv ¬alt godt?»Det òg er fåfengd ¬og vondt slit.

9. Det er betre å vera to ¬enn ein,dei får god løn for sitt strev.

10. For om dei dett, kan den einereisa opp den andre.Men stakkars den som er ¬åleine!Når han dett, har han ingentil å reisa seg opp.

11. Når to ligg saman, ¬vert dei varme,men korleis kan den einslege ¬verta varm?

12. Om nokon vinn over ¬den som er åleine,vil to kunna stå seg mot han.Ein tretvinna tråd ¬slitnar ikkje så snart.

13. Ein ungdom som er fattig, ¬men klok,er betre faren enn ein kongesom er gamal og dumog ikkje har vit ¬til å ta imot råd.

14. Ein som kom ut or fengslet,vart teken til konge,endå han vart fødd i fattigdommedan ein annan styrte.

15. Eg såg korleis alle menneskesom ferdast ikring under sola,gav seg i lag ¬med den unge mannensom skulle koma ¬i kongens stad.

16. Det var ingen ende ¬på alt det folketsom han vart førar for.Men dei som kjem etter,bryr seg ikkje lenger om han.Det òg er fåfengd ¬og jag etter vind.

17. Akta foten din ¬når du går til Guds hus!Det er betre ¬at du kjem dit og høyrerenn at dårar ber fram offer;for uvitande er dei ¬og gjer det vonde.

Les hele kapitlet Forkynnaren 4