Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 11:4-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Den som aktar på vinden, ¬får ikkje så,den som kikkar på skyene, ¬får ikkje hausta.

5. Likså lite som du veitkva veg vinden blæs,eller korleis beina vert tilhjå fosteret i mors liv,likså lite kan du vitakorleis Gud som skaper alt, ¬gjer sitt verk.

6. Så ditt sæde om morgonen,og lat ikkje handa kvila ¬om kvelden.Du veit då ikkje ¬kva som vil lukkast,anten det eine eller det andre,eller om alt er like godt.

7. Ljoset er ein hugnad ¬for auga,det gjer godt å sjå sola.

8. Om åra vert mange, ¬skal mennesket levaog gleda seg over dei alle.Det skal tenkja ¬på dei mørke dagar,for av dei vert det mange.Alt som skal koma, er fåfengd.

9. Gled deg, ungdom, ¬medan du er ung,ver glad og nøgd i livsens vår!Gå på dei vegar som hjarta vil,fylg det som lokkar ditt auga!Men vit at Gud ¬skal krevja deg til rekneskapfor alt det du har gjort.

10. Få sutene ut or din hug,og hald det vonde frå livet!For ungdomstida, livsens vår,kverv som ein pust.

Les hele kapitlet Forkynnaren 11