Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 3:12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Den trettande dagen i den fyrste månaden vart skrivarane åt kongen kalla saman. Og det vart sett opp eit skriv så som Haman baud, både til satrapane åt kongen, til statthaldarane i kvar provins og til hovdingane for kvart folk. Det skulle sendast til kvar provins i den skrifta dei bruka der, og til kvart folk på det tungemålet dei tala. Skrivet vart utferda i namnet åt kong Xerxes og forsegla med den kongelege seglringen.

Les hele kapitlet Ester 3

Vis Ester 3:12 i sammenheng