Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 3:11-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. og sa til han: «Sølvet skal vera ditt, og med folket kan du gjera som du vil.»

12. Den trettande dagen i den fyrste månaden vart skrivarane åt kongen kalla saman. Og det vart sett opp eit skriv så som Haman baud, både til satrapane åt kongen, til statthaldarane i kvar provins og til hovdingane for kvart folk. Det skulle sendast til kvar provins i den skrifta dei bruka der, og til kvart folk på det tungemålet dei tala. Skrivet vart utferda i namnet åt kong Xerxes og forsegla med den kongelege seglringen.

13. Så vart det med snøggbod sendt brev til alle provinsane som høyrde under kongen, at alle jødar skulle øydast, drepast og tynast, både unge og gamle, småborn og kvinner. Alle skulle drepast på éin dag, den trettande dagen i den tolvte månaden, det er adar månad, og alt dei åtte, skulle plyndrast.

14. Ei avskrift av brevet skulle sendast til kvar provins og kongsbodet kunngjerast for alle folk, så dei kunne vera budde på dagen.

15. Med det same dette bodet var utferda i Susa-borga, tok snøggboda av stad, som kongen hadde sagt. Så sette kongen og Haman seg til å drikka, men i Susa-byen var folket oppøst.

Les hele kapitlet Ester 3