Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 3:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då det leid av ei tid, lét kong Xerxes Haman Hammedatason av Agag-ætta få stor makt og gav han rang og sete over alle dei stormennene som var hjå han.

2. Alle embetsmennene åt kongen som heldt til i slottsporten, fall på kne og bøygde seg til jorda for Haman; for det hadde kongen gjeve påbod om. Men Mordekai fall ikkje på kne og bøygde seg ikkje til jorda for han.

3. Embetsmennene åt kongen, dei som heldt til i slottsporten, spurde då Mordekai: «Kvifor gjer du imot det kongen har bode?»

4. Dag etter dag tala dei såleis til han, men han høyrde ikkje på dei. Då sa dei det til Haman; dei ville sjå om den grunnen Mordekai gav, vart teken for god. For han hadde sagt dei at han var jøde.

5. Då Haman såg at Mordekai ikkje fall på kne eller bøygde seg til jorda for han, vart han brennande harm.

6. Men han tykte det var for lite å leggja hand berre på Mordekai. Han hadde fått vita kva folk Mordekai høyrde til, og no ville han freista å rydja ut alle jødar som fanst i riket åt Xerxes, både Mordekai og folket hans.

7. I den fyrste månaden, det er nisan månad, i det tolvte styringsåret til kong Xerxes, vart det, medan Haman såg på, kasta «pur», det er lodd, om kvar einskild dag og kvar einskild månad, heilt til den tolvte, det er adar månad.

8. Då sa Haman til kong Xerxes: «Her er eit folk som bur spreitt og for seg sjølv mellom dei andre folka i alle provinsane i riket ditt. Lovene deira er annleis enn lovene åt alle andre folk, og dei held seg ikkje etter dei lovene som kongen har gjeve. Det høver ikkje for kongen å la dei stella seg som dei vil.

9. Om kongen så synest, så lat det verta kunngjort i brev at dei skal rydjast ut. Ti tusen talentar sølv skal eg då kunna vega opp til embetsmennene, så dei kan leggja det i skattkammeret åt kongen.»

10. Då drog kongen seglringen av handa si, gav han til Haman Hammedatason av Agag-ætta, fienden åt jødane,

11. og sa til han: «Sølvet skal vera ditt, og med folket kan du gjera som du vil.»

Les hele kapitlet Ester 3