Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esra 7:11-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Dette er ei avskrift av brevet frå kong Artaxerxes til presten Esra, den skriftlærde, som var kunnig i dei bod og føreskrifter som Herren har gjeve Israel:

12. «Artaxerxes, kongen over kongane, til presten Esra, den skriftlærde, som er kunnig i lova åt Gud i himmelen.

13. Dette påbodet gjev eg: Alle israelittar, prestar og levittar i kongeriket mitt som vil fara til Jerusalem, kan fylgja deg.

14. For kongen og dei sju rådgjevarane hans sender deg til Judea og Jerusalem. Der skal du røkja etter om tilhøva er i samsvar med lova åt din Gud, som du har hjå deg.

15. Du skal ta med deg sølvet og gullet som kongen og rådgjevarane hans gjev til Israels Gud, han som har bustaden sin i Jerusalem.

16. Du skal òg ta med deg alt sølvet og gullet som du får i provinsen Babylon, og dei gåvene som folket og prestane gjev til huset åt sin Gud i Jerusalem.

17. Desse pengane skal du bruka samvitsfullt og kjøpa oksar, verar og lam, og dei grødeoffer og drikkoffer som høyrer til. Alt dette skal du ofra på altaret i Guds hus i Jerusalem.

18. Resten av sølvet og gullet skal du og brørne dine bruka så som de meiner det er rett etter dykkar Guds vilje.

19. Men dei kara som du har fått til tempeltenesta, skal du gje frå deg i Jerusalem for Guds åsyn.

20. Utgiftene som du elles har til huset åt din Gud, skal kongens skattkammer bera.

21. Eg, kong Artaxerxes, gjev alle skattmeistrane i provinsen vestanfor Eufrat dette påbodet: Alt det presten Esra bed om – han som er kunnig i lova åt Gud i himmelen – skal de la han få fullt ut,

22. opp til 100 talentar sølv, 100 kor kveite, 100 bat vin, 100 bat olje og salt så mykje han vil ha.

23. Alt som Gud i himmelen krev for templet sitt, skal de gjera med iver. Elles kjem hans vreide over riket åt kongen og sønene hans.

Les hele kapitlet Esra 7