Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 42:12-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Til dørene i roma på sørsida førte ein inngang. Han var der vegen tek til, den vegen som gjekk langsmed den vernande muren; der kunne ein koma inn frå aust.

13. Då sa mannen til meg: «Roma i nord og i sør som ligg mot den avstengde plassen, det er dei heilage roma der prestane, som stig fram for Herren, et dei høgheilage offergåvene. Der skal dei òg leggja dei høgheilage gåvene og grødeofferet, syndofferet og skuldofferet; for det er ein heilag stad.

14. Når prestane er komne dit, skal dei ikkje forlata den heilage staden og gå ut i den ytre føregarden før dei har lagt frå seg kleda som dei bar då dei gjorde teneste; for dei er heilage. Dei skal ta på seg andre klede, og så kan dei gå dit der folket er.

15. Då han var ferdig med å mæla det indre tempelområdet, førte han meg ut gjennom den porten som vender mot aust, og mælte det heile på alle kantar.

16. Han mælte austsida med mælestonga si. Ho var fem hundre alner etter hans mål. Så snudde han seg

17. og mælte nordsida. Ho var fem hundre alner etter hans mål. Så snudde han seg

18. og mælte sørsida. Ho var fem hundre alner etter hans mål.

19. Til sist snudde han seg mot vestsida og mælte den. Ho var fem hundre alner etter hans mål.

20. Alle fire sidene mælte han. Rundt tempelområdet var det ein mur, fem hundre alner lang og fem hundre alner brei. Muren skulle skilja mellom det som er heilagt og det som ikkje er heilagt.

Les hele kapitlet Esekiel 42