Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 33:6-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. No kan det henda at vaktmannen ser sverdet koma, men ikkje blæs i hornet og ikkje åtvarar folket. Når sverdet kjem og riv bort einkvan av dei, då hender det fordi han har synda. Men vaktmannen krev eg til rekneskap for hans død.

7. Du menneske, eg har sett deg til vaktmann for Israels ætt. Når du høyrer eit ord frå min munn, skal du åtvara dei frå meg.

8. Når eg seier til ein gudlaus mann: «Du skal sanneleg døy», og du ikkje åtvarar han mot det livet han fører, då skal han døy fordi han har synda. Men deg krev eg til rekneskap for hans død.

9. Men åtvarar du han mot hans gudlause liv for at han skal venda om, og han likevel ikkje vender om, då skal han døy fordi han har synda. Men du har berga livet.

10. Du menneske, sei til Israels-ætta: De tenkjer som så: «Fordi vår synd og skuld ligg tungt på oss, visnar vi bort. Korleis kan vi då leva?»

11. Sei til dei: Så sant eg lever, seier Herren Gud: Eg vil ikkje at den gudlause skal døy, men at han skal venda om frå si vonde ferd og leva. Vend om, vend om frå dykkar vonde ferd! Kvifor vil de døy, de israelittar?

12. Du menneske, sei til landsmennene dine: Når den rettferdige syndar, kan hans rettferd ikkje berga han. Og når den gudlause vender om frå sin vondskap, skal hans vondskap ikkje fella han. Den rettferdige kan ikkje leva ved si rettferd når han syndar.

13. Om den rettferdige seier eg: «Han skal leva.» Men lit han på si rettferd og gjer urett, då skal alle hans velgjerningar vera gløymde. Han skal døy på grunn av den uretten han har gjort.

14. Om den gudlause seier eg: «Han skal døy.» Men så vender han kanskje om frå si synd og gjer rett og rettferd.

15. Han gjev att det pant han har teke, gjev vederlag for det han har røva, og fylgjer dei føreskrifter som gjeld for livet, så han ikkje gjer urett. Då skal han ikkje døy, men leva.

16. Ikkje ei av dei syndene han har gjort, skal leggjast han til last. Når han gjer rett og rettferd, skal han leva.

17. No vil vel landsmennene dine seia: «Herren går ikkje fram på rett vis.» Men det er deira eiga åtferd som ikkje er rett.

Les hele kapitlet Esekiel 33