Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 33:23-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

24. Menneske, dei som bur mellom ruinane der borte i Israels-landet, dei seier: «Abraham var berre ein, og endå tok han landet i eige. Vi er mange, og vi har fått det til eigedom.»

25. Difor skal du seia til dei: Så seier Herren Gud: De et kjøt med blodet i, lyfter augo til avgudane og lèt det renna blod. Og så skulle de få eiga landet!

26. De set dykkar lit til sverdet, gjer stygge ting og krenkjer konene åt kvarandre. Og de skulle få eiga landet!

27. Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Så sant eg lever: Dei som bur mellom ruinane, skal falla for sverd; den som er ute på marka, gjev eg til føde for villdyra, og dei som held til i fjellborgene og holene, skal døy i pest.

28. Eg gjer landet audt og øyde, og det vert slutt på den stolte makta. Fjella i Israel skal liggja aude; ingen skal ferdast der.

29. Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg gjer landet audt og øyde fordi dei har fare med så mykje styggedom.

30. Men du menneske, landsmennene dine som talar saman om deg frammed murane og i husdørene, dei seier til kvarandre: «Kom, så skal de få høyra kva det er for eit ord som kjem frå Herren.»

31. Så går folket mitt til deg i flokk og fylgje, set seg framfor deg og høyrer på orda dine; men dei lever ikkje etter dei. Det er lygn i deira munn, og dei trår etter urett vinning.

32. Ja, du er for dei lik ein mann som syng kjærleikssongar med fager røyst til fin musikk. Dei høyrer orda dine, men lever ikkje etter dei.

33. Men når det kjem – og koma skal det, då skal dei sanna at ein profet har vore midt imellom dei.

Les hele kapitlet Esekiel 33