Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 33:18-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Når den rettferdige gjev opp si rettferd og gjer urett, då skal han døy.

19. Og når den gudlause vender om frå sin vondskap og gjer rett og rettferd, då skal han leva.

20. Og endå seier de at Herren ikkje går fram på rett vis. Eg vil døma dykk, israelittar, etter det kvar og ein har gjort.

21. I det tolvte året etter at vi vart bortførte, den femte dagen i den tiande månaden, kom det ein flyktning frå Jerusalem til meg og sa: «Byen er teken.»

22. Kvelden før flyktningen kom, hadde Herrens hand kome over meg. Og før han kom til meg om morgonen, opna Herren munnen min. Då munnen vart opna, var eg ikkje mållaus lenger.

23. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

24. Menneske, dei som bur mellom ruinane der borte i Israels-landet, dei seier: «Abraham var berre ein, og endå tok han landet i eige. Vi er mange, og vi har fått det til eigedom.»

25. Difor skal du seia til dei: Så seier Herren Gud: De et kjøt med blodet i, lyfter augo til avgudane og lèt det renna blod. Og så skulle de få eiga landet!

26. De set dykkar lit til sverdet, gjer stygge ting og krenkjer konene åt kvarandre. Og de skulle få eiga landet!

27. Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Så sant eg lever: Dei som bur mellom ruinane, skal falla for sverd; den som er ute på marka, gjev eg til føde for villdyra, og dei som held til i fjellborgene og holene, skal døy i pest.

28. Eg gjer landet audt og øyde, og det vert slutt på den stolte makta. Fjella i Israel skal liggja aude; ingen skal ferdast der.

29. Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg gjer landet audt og øyde fordi dei har fare med så mykje styggedom.

Les hele kapitlet Esekiel 33